Statestikken fortel at Kreftsjukdom rammar 1/3 av Noregs befolkning, det vil seie at nesten 1.500.000 nordmenn vil få ei eller anna form for kreft. Men alle av oss kjenner nokon som har kreft eller har gått bort på grunn av kreft og eg er ein av dei mange som har opplevd å miste nære familiemedlemmar. I mars 2009 mista eg min bestefar og beste ven og berre ein månad seinare mista eg ein kjær onkel. Dette tok eg svært tungt, ja faktisk så vart eg så ”deppa” at eg måtte stå over eksamen på Gymnaset.

Det tok ei stund før eg kom meg på beina igjen og fekk att lysta til å ta opp lekselesing, sykling og andre interesser. Gjennom denne prosessen starta eg med å sette meg stadig nye mål og eg bestemte meg for å sette meg eit stort mål som eg skulle gjennomføre. Og det målet skulle være noko som ingen hadde gjort før og det skulle ikkje vere eit egoistisk mål. Det skulle vere eit mål som gav inspirasjon og glede til både meg sjølv og til andre.

Så før eg hadde sjekka ut distansen på kartet, så sette eg meg det målet å sykle Noreg rundt for Kreftforeininga. Då eg fortalte om målet mitt på Facebook, tok det ikkje lang tid før eg hadde meir enn 5000 personar som støtta meg og då var det berre å stå på vidare. I dag har støttegruppa vokse til 6500 personar.

Les mer på www.norgerundt.com